Vossamekken

Fyr opp lidenskapen din og bli med i klubben vår!

Høst åpent

Allerede i uke 35 begynner vi å holde åpent to dager i uken. Disse dagene blir fordelt i to grupper. Mandag blir det åpent for

Les meir »

Sommarope

Me prøver å halda ope kvar torsdag i heile sommar. Ta turen til oss, og ta gjerne med deg ein ven 🙂

Les meir »

Skoy med motor!

VOSSAMEKKEN er ein mekkeklubb for ungdom med mål om å gje ungdom som fell utanfor ordinære og ålment aksepterte fritidstilbud ein stad å vera, møta andre likesinna og kanskje staka ut ein ny kurs i livet. Klubben er open for all motorinteressert ungdom, men me ynskjer å tilpassa aktivitetane til deira ynskjer og interesser. Det skal vera eit heilt gratis tilbod. Det er slettes ikkje alle som sparkar fotball, går langrenn, drive med skyting og friidrett, og i Voss står, som i mange andre bygdesamfunn, motorkulturen sterkt.

Målet med vårt arbeid stikk djupare enn det å berre ha det gøy med motor. Me vil jobba aktivt for at ungdomen vår skal ha det bra både på klubb og med seg sjølv. Dette kan speila seg att i samtalar på klubb eller meir pro-aktive kampanjer som Valdres Gatebil sin “Prate Om Det”-kampanje som har spredt seg i heile deira region. Denne kampanjen kom til i lys av en serie sjølvdrap blant unge gutar og menn regionen. Dei måtte gjere noko! Me vaksne kan bli sett på som førebilete eller rollemodellar og me bygda-folk med hjarte for bil, kan ofte verta sett på som “tøffe”. Men som alle veit, speilar jo ikkje «det tøffe ytre» att realiteten for alle, og difor står styret og den eldre garde i organisasjonen gjerne i fremste rekkje når ein kjem til det å skapa openheit rundt psykisk helse, og kanskje så eit lite frø om at det er OK å prata om det. Dette har me også veldig lyst å vidareføra i Voss Gatebil.

Tilgjengeleg for alle!

Me ser på oss sjølve som ein samfunnsaktør som i stor grad jobbar for at born og ungdom som står i fare for å hamne i utanforskap får eit tilbod og ei oppfylging av trygge og gode vaksne fleire kveldar i veka, heile skuleåret. Dette tilbodet har enno ingen faste tilskot, så grasrota, leigeinntekter, sporadiske sponsormidlar og Voss Gatebil som foreining sine innteningar frå arrangement eller sal av effektar er tenkt å finansiera tilbodet. Det skal vera eit gratis tilbod.

Vossamekken skal vera tilgjengeleg for alle og det skal ikkje kun vera eit spesialtilpassa tilbud for dei systemet allereie har fanga opp. Me skal vera den pro-aktive basen.

Me ynskjer også Politiet velkomen til å verta med i mekkeprosjekt. Dette kan truleg verka positivt på klubben. Det er noko med å så frøet om at politiet er ikkje ute etter å “ta” flest mogleg, men ute etter å «ta vare på» flest mogleg!