Vitjing frå Stortinget

Vitjing i  Voss Gatebil – Vossamekken.

Måndag 26.8. hadde me besøk av Liv Kari Eskeland, frå Vestlandsbenken på Stortinget, samt Lars Tore Rogne og Iril Schau Johansen frå Voss Høgre. Dei fekk gjennomgang av lokala våre, og sjå dei flotte ungdomane våre i aktivitet.  

Voss Høgre hadde nemleg invitert Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) som sit i transport og kommunikasjonskomiteen på Stortinget til Voss, og tok også turen til Voss gatebil sine lokale måndag 26.08.

Invitasjonen vart sendt fordi vi meiner at vi her har funne eit unikt konsept som femner bil-og mekkeinteressert ungdom i bygda vår, seier Iril Schau Johansen (H).

Ungdomen treng gode og trygge stader å vera, og vi meiner sjølv at dette er eit konsept som bør få nasjonal merksemd – difor inviterte vi vår representant i komiteen på Stortinget, held ho fram.

Voss gatebil byggjer på eit konsept som ein også kan finna eit par andre stadar i landet, men som har funne sin eigen profil, og har store planar utover dei lokala dei rår over i dag.

Vi fekk vist fram tomt for nye lokalitetar og lagerplass for meir utstyr som næringslivet allereie har bidrege med, seier Sveinung Riber, ein av initiativtakarane til tiltaket. Han er svært nøgd med den utviklinga Voss gatebil så langt har hatt, og har store vyer for framhaldet.

Stortingsrepresentanten var synleg imponert over det ho såg.

Dette er eit tiltak som absolutt burde få større nasjonal merksemd, og fangar opp mange ungdomar som ikkje alltid finn sin plass i dei meir tradisjonelle kultur og idrettsaktivitetar. Ikkje minst er det ein fantastisk arena for å få vekke interesse for fagarbeid på fleire område – her gjer dei alt frå lakkering, mekking, demontering, elektro, mekanisk arbeid – alle fag som Noreg i dag har eit skrikande behov for, seier Liv Kari Eskeland (H).

Dette kjem i tillegg til den flotte samlingsstaden som dette er blitt, der trygge vaksne er til stades for ungdomane, held ho fram.

Det er imponerande at dette er eit dugnadsbasert tilbod, der næringsliv og frivillige har gått saman om å halde ope lokalet for ungdomane, og kommunen er med og betaler for lokalitetane. – At ein no har enno større vyer for tilbodet gjer at det ytterlegare kan løfte seg, men er likevel i dag eit tilbod som svært mange har glede av. Ei rask oppteljing viser at mellom 70 og 100 unike brukarar er innom ein eller fleire gonger i løpet av året, og ved å inkludere også seniorar, greier ein å foreine mekkeinteresse og gode samtalr på tvers av generasjonane.

Voss Gatebil tykte det var veldig kjekt å visa fram arbeidet ein har fått til med ein felles samlingsplass i Vossamekken. Her blir det lagt ned mykje energi og mange timer for at ungdommen vår skal få ein stad å høyra til. 

Dette gjer oss mykje energi for videre arbeid, og so håpar me att dette kan være til inspirasjon for andre, samt for våre folkevalde, seier Jan Egil Petterson, som også er med i styret for Voss Gatebil. Dette skulle vore eit tilbud i kvar ei bygd og by, for å fremja mental helse og motarbeida utanforskap, held han fram. 

Den flotte ungdommen som er hjå oss, er absolutt eit godt eksempel på kor bra det er å ha ein samlingsplass, der dei kan få skru på bil, kjøra radiostyrt bil, Märklin togbane, cruise rundt i eiga verd på tv-spel, flørta med kvarandre i godstolane og ikkje minst få seg ein god matbit i kiosken. Når kvelden er omme, kjem dei å seie takk for i dag, og gjer kiosk-damo Tone gode klemmar på veg heim. Dette varmar oss vaksne veldig, og fortel oss att her i Vossamekken høyrer dei heime. 

Me skal gjera alt det me kan for å fortsette dette flotte arbeidet, og vil med det oppfordra det offentlige og private til å hjelpa oss videre i arbeidet. Dette er godt investerte penger i framtida, mental-helsa og tilhørigheita til vår ungdom.

FV: Iril Schou Johannessen, Lars Tore Rogne, Liv Kari Eskeland og Sveinung Riber

Frå klubblokala til Voss Gatebil

«Europafararen» Bjørn Egil Tolaas var blant dei som vitjar klubben denne kvelden. 

Frå Venstre: Ingunn, Therese, Silje og Tilje