Bli kjend med Rådmannens Bilpark – Ei reise gjennom motor og galskap!

Hei og hopp, folkens! No skal de få bli kjend med den mest fargerike, uforutsigbare og til
tider katastrofale bileventyret i historia til Voss sin rådmann. Dette er ei soge om motor, frå
ungdomens ville dagar til den vaksne alder der ein til slutt enda opp med ein Tesla. Hald
dykk fast, for her kjem det ei god blanding av suksessar, fadæsar og bilar som var meir skrot
enn transportmiddel!
Starten på motorlivet – Båtfiasko og motor-mareritt
Alt byrja med ein 5hk Torhatsu-båtmotor som eigentleg var best egna som dregg. Deretter
ein Johnson 50hk med elektrisk gir, produsert for å gje eigaren mest mogleg hovudverk.
Seinare kom ein 50-hestar 4-taktar Mercury som tok han med på råning mellom Solund og
Bergen. Ein nydeleg oppleving, i motsetnad til det første marerittet.
Volvo-perioden – Tryggleik framfor stil?
Rådmannen var ikkje framand for Volvo. Han hadde mellom anna:
Volvo 240 (1989-modell, ikkje noko anna, viktig presisering!)
V50 (fordi ein må ha noko meir moderne etter kvart)
145 Volvo Deluxe (1973-modell – den penaste modellen, men utan utstyr. Altså rein
nostalgi utan komfort!)
DAF 66 (gjekk like fort framover som bakover – tydelegvis dårleg smak i bil på den
tida)
Fransk eventyr – Feilkjøp og fiasko
Peugeot 605 (skammelaust dårleg kjøp – mykje reparasjonar, lite glede)
Peugeot 404 med rattgir (godt likt av rådmannen – kanskje fordi han ikkje rakk å
knekka girspaken?)
Citroën GS (katastrofal – opplevde straumavbrot i bilen, sendte han rett i retur!)
Citroën 2CV (campingfavoritten – perfekt for telt og stormkjøkken frå Biltema!)
BMW-tid – Fart, spenning og nesten-katastrofar
BMW 1602 (beste bilen nokon sinne! Mørkegrøn, ingen vinduskarm, og toppfarten
vart aldri heilt offentleggjort… Einaste problemet? Han trong vatn ein gong i timen på
veg til Spania!)
BMW 528 (kalla «Derrick» – 1978-modell, fjorblå og skikkeleg lekker. Kjappare enn
politiet likte, men heldigvis hadde bremsene betre moral enn sjåføren!)
Mercedes, Jaguar og luksusbilar – Opp og nedturar
Mercedes ML (den første utgåva var stygg som juling, men god på vinterføre!)
Jaguar S-type (fantastisk bil, men dyrare å reparere enn eit nytt hus. Setene var så
gode at ein kunne sove i dei – noko som var naudsynt etter alle
reparasjonskostnadene.)
Jaguar XF (kona var ikkje begeistra for beige interiør – noko som skapte heimeleg
krise.)
Jaguar I-Pace (2 år i bestillingskø – ein ego-trip utan sidestykke!)
Ein Tesla, men ikkje nokon i Kina-bil!
Hvit Tesla Highland (siste innkjøp, køyrer 40 000 km i året og er utruleg nøgd.
Slutta i Porsche- og Jaguar-klubben, no berre aktiv i seglforeningen). Det vart varsla
på ein indirekte måte at som ny rådmann på Voss lyt ein jekke ned dei dyre bilkjøpa,
så han landa godt i Tesla før han kjøyrde opp til 1 dag på jobb på Vossevangen.
- Kva seier mora til alt dette? Vel, ho gadd ikkje eingong kome ned i gata då han
fekk ny bil. Og det seier sitt, med tanke på at han har hatt 60 bilar over tid.
Konklusjon? Pengane har flydd, bilmerka har skifta som været, men ein ting er
sikkert: Det vert aldri ein Kina-bil!
Oppsummering – inkludering, gjenbruk frå eit kristent perspektiv
Med all denne erfaringa kan rådmannen seie at han har vore truandes til litt av kvart, men
om ikkje anna har han testa det meste på fire hjul. No er det elbil som gjeld, men ingen veit
kva framtida bringer – kanskje luftsport med elektrisk motor kan lure med ein Rådmann i lufta
på sikt?
Me i Voss gatebil fekk ein utruleg artig slutt på Årsmøte saman med ein motorglad sjelevenn
som fekk lov å ytra seg om bilparken sin i eit historisk perspektiv der alle lo godt.
Rådmannen ynskjer at alle på Voss skal vete at det jobbar 2000 tilsette på Voss som gjer ein
enormt viktig insats for Voss og han er stolt over å få jobba for Voss. Dei lokale Vossingana
tar imot han og forteller om kva som skjer i bydga på godt å vondt. Med unntak av helgar
som fredast til familie og spesielle arrangementer ynkjser han at Voss skal invitere han inn i
store og små klubbar, tilsteninger og liv å røre. Han vil sjå kva som beveger seg og formidle
vidare alt det kjekke oppfinnsome Vossingar held på med.
Me i Voss gatebil skal sei ifrå om me får inn vrakbilar som til dømes Porsche, Volvo Deluxe,
Torhatsu eller andre godbitar, du lyt du ta på kle som kan skitnast te og skru litt ilag med oss
mens flightmoden er på ein liten stund.
Gjengitt av sekretær/ som skreiv som eit uvær for å halde tritt med bilmodellar som vart
nevnt: Annie