
Tid for ettertanke og å sjå framover.
For mange er denne dagen den aller fyrste på skulevegen. Mange spente små. Mange spente ungdomar. Mange spente foreldre.
Kva er då oppgåva til alle andre? Jau, gje dei ei trygg oppleving! Me trur du veit godt kva som trengs for å gjera nettopp det!
Men med kva haldningar sender me skuleborna/ungdomen av garde med? Ser ein alle i fellesskapet? Har ein snakka med barnet/ungdomen om kva eit smil og eit «hei» kan bety for den som ikkje kjenner seg så trygg i skulekvardagen? Har ein snakka nok med barnet/ungdomen om å inkludera alle, slik at den einsame, utrygge, utilpasse også får vera med?
Det er ikkje alle som kjenner at dei passar inn i alle miljø. Nokon kjenner truleg på usikkerhet og frykt for kva kvardagen på skulen vil verta.
Du er unik! Du er verdfull! Uansett kven du er! Uansett korleis du er! Uansett kva interesse du har!
Om alle respekterer kvarandre på ein god måte, oppnår ein truleg respekt attende, ein opplever ein tryggare kvardag, ein unngår at nokon vert einsame eller mobba.
Voss Gatebil sitt motto er at hjå oss skal du kunne vera deg sjølv blant andre!
Ta vare på kvarandre! Bry deg 🙂